Bible

Designed

For Churches, Made for Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

1 Corinthians 13

:
Norwegian - SMB
1 Um eg talar med menneskjetungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.
2 Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so at eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, er eg ingen ting.
3 Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min likam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, gagnar det meg ingen ting.
4 Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;
5 han gjer inkje usømelegt, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje det vonde;
6 han gled seg ikkje ved urettferd, men gled seg ved sanning.
7 Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
8 Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han ende.
9 For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;
10 men når det fullkomne kjem, skal det som er i stykkjevis, ende.
11 eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men eg vart mann, lagde eg av det barnslege.
12 For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.
13 Men no vert dei verande desse tri: Tru, von, kjærleik, og størst av deim er kjærleiken.